torsdag 19. januar 2012

Tørke!


 Det har vore stille lenge på bloggen min no.
Eg har sy-tørke, og som om ikkje det var nok,
har eg blogg-tørke òg.
Ikkje bra.


I morgon reiser min bedre halvdel og eg til Amadores.
Då håpar eg å få lade batteria i sol og varme,
 og når dei er opplada kjem kansje sylysta tilbake òg :-)






Ha ei flott veke du òg :-)




tirsdag 3. januar 2012

PIF

I september melde eg meg på ein Pay it Forward hos Stofftausa,
og like før jul mottok eg denne flotte gåva frå ho.
Eit koseleg kort,



ei søt nålepute sydd av jarekantar, stilig.
Og denne flotte notisblokkmappa, kjempefin.




Tusen takk Laila, gåva fall verkeleg i smak.



No er det min tur til å Pay it Forward, og sende vidare ei gåve til tre personar.
Om du har lyst å vere med på dette og motta ei handlaga gåve frå meg i løpet av dei neste 365 dagane må du legge att ein kommentar her.
Og samtidig forpliktar du deg til å halde din eigen PiF innan 12 månader.

For å delta må du ha eigen blogg
og ikkje vere ein noreply comment-blogger.

Det er "først til mølla" som gjeld, så dei tre første som kommenterer
på dette innlegget blit mine PiF-venner.


:-)

onsdag 14. desember 2011

Juleutlodning hos Vanella



Hos Torunn med bloggen Vanella,
kan du vere med på utlodning og vinne denne flotte smykkeposen.
Trekninga er allereie 16. desember kl 12.00
så du må raske på om du vil vere med, og kansje bli den heldige vinnaren :-)



mandag 5. desember 2011

"En liten tur ut"


Ein liten hendig sak,
som rommar solbriller,mobil og nokre "må ha med" ting.

Etter ynskje frå mottakar har eg sydd på ei skulderreim på denne,
for ho ville bruke den som ei lita veske.


Inni er det ein stor lomme og tre kortlommar i lokket..


Bak er det mobillomme med borrelåslukking,
og ein pennlomme på kvar side.


Når eg først var igang,
sydde eg likegodt fleire, for desse var kjekke å sy.

Her er eit lite bilderas...



Med herlege kattar...


 
...ein søt tiger...


 

...bali med blomster...


Knappen på denne kan eg huske heilt frå eg var lita.
Den har lagt i mamma sin knappeboks i maaaange år.
Knappen er bueforma, men det kjem ikkje så godt fram på bildet.

Mønsteret har eg funne i my Quilt nr 2/2010,


Ha ei fin veke :-)




fredag 2. desember 2011

Til brikettboksen

Eg likte desse "magebelta",
som skjuler den stygge boksen til tennbrikettane.


Her er ein med ugle i bjørkeskogen.



Og ein sau blant bregner.



Denne er til ei venninne som er heilt "hekta" på troll.


God helg til deg :-)



søndag 27. november 2011

Gryteklutar


Koselege gryteklutar
er kjekt å henge opp på kjøkkenet når jula kjem.
Desse har to lag bomullsvatt, og er store og gode.
Størrelse 25 x 25 cm


Dei har fått maljer å henge etter, istadenfor dei vanlege hempene.
Aplikasjonen er frå eit av dei siste mønstera til AnnAKa,
"Husmusa`s Jul".

Og desse "husmusene" har komme til nye heimar,
etter julemessa i går.
Håpar dei finn seg "til rette" der ;-)


Ynskjer deg ein flott 1. søndag i advent.




torsdag 24. november 2011

Søt, enkel sminkepung



På den lokale stoffbutikken min,
 har det komme inn mange nydelege stoff no.
Blant anna desse to som eg har brukt her.
Eg synes dei var nydelege,- og passa fint til denne sminkepungen.

Her er det siste innspurt til julemessa i helga,
får håpe eg kjem i mål med det eg har planar om.


Ha ein fin torsdag ;-)

søndag 20. november 2011

Gryteklutar



Det har vore ei travel tid på jobb no,
så eg har ikkje hatt så mykje tid til sying som eg skulle ynskje.
Men nokre gryteklutar har eg laga.

Desse gryteklutane likar eg verkeleg.
Dei skapar julestemning på  kjøkkenet.



Dette paret med lys grå bakgrunn,
skal henge på eit kjøkken over svarte flisar.
Då kjem dei nok "til sin rett".
På min lyse vegg forsvant dei liksom.

Dei er enkle og raske å sy.
Og mønsteret er
"Bare grytekluter" AnnAKa 2010.





søndag 13. november 2011

Strikkepinneoppheng


Bente's Hobbyrom har hatt ein syalong på bloggen sin,
på eit supert strikkepinneoppheng.
Gode bilder og detaljert forklaring, så dette var kjekt.

Tusen takk, Bente.

No blei det orden på strikkepinnane mine òg.

Kjekt å ha :-)






fredag 11. november 2011

Sminkepung


To nye sminkepungar sydde etter AnnAKa sitt mønster:
"Søt,enkel sminkepung".

Denne har fin fasong og god størrelse,
så her er det plass til mykje.

Veldig kjekk å sy.


Ha ein flott fredagskveld :-)



søndag 6. november 2011

Veske til mini Pc


Eg fekk spørsmål frå yngstejenta, om eg kunne sy ei veske til mini Pc'en hennar.
Ho ville ha den i svar og raudt.

Det kunne eg sjølvsagt gjere.
Men eg hadde ikkje mønster, så det blei ein del grubling, prøving og feiling.
Men eg kom i mål til slutt, og slik blei den.


Under klaffen med blomsterapplikasjonen,
 er det to lommar med borrelås lukking.


Alltid kjekt med lommar.


Baksida.
Her er ein lomme med glidelås.


Den raude "lommen" er til å putte sjølve pc'en inni,
for bedre beskyttelse, og ein "pung" til oppbevaring av ladaren.
Ein liten karabinkrok i ei snor,
er greit til å feste nøklar i.

Applikasjonen er henta frå mønsteret "Ein Lappeløpar" av  AnnAKa,
og inspirasjonen til å bruke den på veska fekk eg frå bloggen til Anne-Grethe.
Synes denne blomsten er så anvendeleg, og passar til det meste. 

Eg blei fornøgd med det ferdige resultatet,
og det blei mottakaren  òg :-)


God søndagskveld til deg :-)


fredag 4. november 2011

Juleløpar



Denne veka kom det nye mønster frå AnnAKa.
Det eine var "Husmusa`s Jul", ein løpar med
eit koseleg aplikasjonsmotiv :-)

Slik har eg sydd min.
(mangla sløyfene over "ostehjertet", men dei kjem)
Det blir nok fleire av denne sorten, enkel og kjapp løpar å sy ;-)





Nyt helga :-)


mandag 31. oktober 2011

Adventsløpar



Fin adventsløpar, designa av Anne Quilten.

Kjøpte stoffpakke med ferdig kutta kvadrater 3,5"x3,5",
33 stk i 4 ulike lilla stoff og ferdig utstansa stjerner
i lilla og kvitt.
Her var mykje av jobben gjort
så det gjekk fort å sy saman denne :-)

Løparen måler 110 x 39 cm.

Vanskeleg å få fram lillafargane,
men dei er mørke og har trykte prikkar, stjerner, blomster og hjerter i gull.




søndag 23. oktober 2011

Adventskalender


Til denne kalendaren kjøpte eg orginalstoffa,
som AnnAKa har brukt til mønsteret sitt.
Dette er ein skikkeleg koseleg adventskalendar.
Når denne kjem på veggen blir det julestemning i heimen,
...og det er ikkje lenge til...

Kalendaren måler 130 x 39 cm.

God søndag :-)


onsdag 19. oktober 2011

"Sorte Blomster"



Mønsteret til denne løparen har eg hatt liggande ei god stund,
i korga "vil sy".

Det er eit mønster designa av RyumQuilt.

Løparen er kjapp å sy,
og her kan ein lett få nytte restar.
Eg tok føre meg den grå/svarte restekorga,
og med unntak av eit par stoffbitar,
fann eg stoff som passa til min versjon av "Sorte Blomster".
Blomstrane er i mørke og lyse lilla stoff,
men det kjem ikkje fram på bildet.

Løparen måler 35 x 91 cm.


God onsdag til deg :-)



mandag 17. oktober 2011

"Juleroser" àla AnnAKa


Mønsteret til denne løparen stod i
siste Quiltemagasinet nr 5- 2011.

Ein akkurat passe stor løpar til skjenken,
den er 28 x 127 cm.

Eg likte godt orginalen,
men eg  er ikkje flink til å brodere,
så på min løpar er det mindre broderi,
 og det er sydd på maskin.

Heilt ok for meg,
 og løparen blei  fin og  gjer nytten likevel  ;-)