onsdag 29. desember 2010

Romjulshelsing


Hei alle bloggvenner.

På bloggen min har det vore liten aktivitet i det siste.
Reknar med å komme sterkare tilbake
etter nyttår.
Her har det gått i julefeiring med familie og venner.
Vi har kosa oss og nytt dagane.
No ventar vi nyttårs gjestar, og vi gler oss.


Eg vil ynskje alle mine bloggvenner ei fortsatt fin romjul,
og eit strålande nytt (sy) år.
Tusen takk for alle hyggelege kommentarar, gode råd og tips på bloggen min.
Eg set utruleg stor pris på dåke alle.


Romjulsklem frå

tirsdag 14. desember 2010

Vinpose

Ein koseleg gavepose til vinflaske.
Kjekt å gje ei flaske vin med slik innpakning til gode venner i julegåve.
Vinposen er sydd etter Laila Ukkelberg sitt mønster "Gavetroll".
Den var rask og kjekk å sy.
Eg har fått ufrivillig "juleferie".
Sit her med ødelagt venstre kne, og to nye "venner" som heiter Krykker :(
...den glatta er stygg...
Foten skal ikkje belastast på 2 veker, og det passa veeeeeldig dårlig.
Var ikkje heilt ferdig med julevasken,og litt anna skulle og gjerast,
men det får gå sin gang...
Jul blir det likevel :-)
Ha ein fin tirsdag



torsdag 9. desember 2010

Gryteklutar



Gryteklutar er det alltid bruk for.
Det er kjekt å sy litt "småtteri" som går fort,
og ein får nytta restar etter større prosjekt.
Til desse gryteklutane har eg brukt malen til
AnnAKa sine "Morsomme grytekluter"
som stod i QM nr 5 2006.




Gryteklutane er vrangsydde.
Dei er tjukke og gode med dobbel bommulsvatt i.




Aplikasjonsmotiva har eg funne i gamle malebøker frå hylla mi.
Dette er gode ting å ha på lur i desse juletider :-)


lørdag 4. desember 2010

Julestrømper

Tradisjonen tru...
Julestrømpane skal henge klare
slik at nissen kan fylle dei med massevis av julegodteri
og andre gode saker.
Allt frå tjukke labbar til flaxlodd
har han putta i strømpane.
Spennande :-)
Dette skjer (her i huset) natt til 24 desember.
Desse julestrømpane er sydde etter AnnAKa sitt mønster
"Anna`s Julestrømpe" frå 2007
Ha ein fin laurdagskveld

onsdag 1. desember 2010

Juleførebuing



Det er sy-pause her hos meg :-)
No går det i juleførebuing.
Her er 10 fårerullar som er klare for saltestampen.
Etter nokre dagar der skal dei tørkast litt før dei skal kokast.
Det blir godt pålegg til jul.
...mmmmm...
Ha ei koseleg adventstid :-)