Eg fekk spørsmål frå yngstejenta, om eg kunne sy ei veske til mini Pc'en hennar.
Ho ville ha den i svar og raudt.
Det kunne eg sjølvsagt gjere.
Men eg hadde ikkje mønster, så det blei ein del grubling, prøving og feiling.
Men eg kom i mål til slutt, og slik blei den.
Under klaffen med blomsterapplikasjonen,
er det to lommar med borrelås lukking.
Alltid kjekt med lommar.
Baksida.
Her er ein lomme med glidelås.
Den raude "lommen" er til å putte sjølve pc'en inni,
for bedre beskyttelse, og ein "pung" til oppbevaring av ladaren.
Ein liten karabinkrok i ei snor,
er greit til å feste nøklar i.
Applikasjonen er henta frå mønsteret "Ein Lappeløpar" av AnnAKa,
og inspirasjonen til å bruke den på veska fekk eg frå bloggen til Anne-Grethe.
Synes denne blomsten er så anvendeleg, og passar til det meste.
Eg blei fornøgd med det ferdige resultatet,
og det blei mottakaren òg :-)
God søndagskveld til deg :-)

Skjønar godt at dåke vart fornøgde:) Flott veske med mange fine detaljar!
SvarSlettKjempeflott veske med alt tilbehøret. Skjønner godt at jenta er fornøyd.
SvarSlettWOW så flott. Jeg er imponert :o)
SvarSlettJa, denne må dere være fornøyd med, den er jo superfin! :o)
SvarSlettFlott og stilig pc-veske! Så bra du ble inspirert av meg til å sy blomsten som dekor - liker den veldig godt selv.
SvarSlettStilig veske
SvarSlettDen er flot.
SvarSlettGod ide med en taske indeni til pcèn
It's beautiful, I'm sure she's happy with it.
SvarSlettKjempstilig veske med mange fine detaljer. Skjønner godt at hun ble fornøyd.
SvarSlettKlem:)
Kjempe stilig! Du er så flink. :)
SvarSlettDet var veska si det. Den ble knalltøff og lekre farger du har brukt. Ha god smak den jenta der ja:-)
SvarSlettKan tenke meg hun ble fornøyd:-)
Gosj, det er gøy å sy vesker!
Så superläckert!!! Man kan aldrig få för många lommer i en väska :o)
SvarSlettOi, den var flott. Denne må no berre jenta vere fornøgd med.
SvarSlettPC`vesken ble skikkelig smart og lekker:)
SvarSlettKjempe fin! :O)
SvarSlett