Ein liten hendig sak,
som rommar solbriller,mobil og nokre "må ha med" ting.
Etter ynskje frå mottakar har eg sydd på ei skulderreim på denne,
for ho ville bruke den som ei lita veske.
Inni er det ein stor lomme og tre kortlommar i lokket..
Bak er det mobillomme med borrelåslukking,
og ein pennlomme på kvar side.
Når eg først var igang,
sydde eg likegodt fleire, for desse var kjekke å sy.
Her er eit lite bilderas...
Med herlege kattar...
...ein søt tiger...
...bali med blomster...
Knappen på denne kan eg huske heilt frå eg var lita.
Den har lagt i mamma sin knappeboks i maaaange år.
Knappen er bueforma, men det kjem ikkje så godt fram på bildet.
Mønsteret har eg funne i my Quilt nr 2/2010,
Ha ei fin veke :-)