torsdag 19. januar 2012

Tørke!


 Det har vore stille lenge på bloggen min no.
Eg har sy-tørke, og som om ikkje det var nok,
har eg blogg-tørke òg.
Ikkje bra.


I morgon reiser min bedre halvdel og eg til Amadores.
Då håpar eg å få lade batteria i sol og varme,
 og når dei er opplada kjem kansje sylysta tilbake òg :-)






Ha ei flott veke du òg :-)




tirsdag 3. januar 2012

PIF

I september melde eg meg på ein Pay it Forward hos Stofftausa,
og like før jul mottok eg denne flotte gåva frå ho.
Eit koseleg kort,



ei søt nålepute sydd av jarekantar, stilig.
Og denne flotte notisblokkmappa, kjempefin.




Tusen takk Laila, gåva fall verkeleg i smak.



No er det min tur til å Pay it Forward, og sende vidare ei gåve til tre personar.
Om du har lyst å vere med på dette og motta ei handlaga gåve frå meg i løpet av dei neste 365 dagane må du legge att ein kommentar her.
Og samtidig forpliktar du deg til å halde din eigen PiF innan 12 månader.

For å delta må du ha eigen blogg
og ikkje vere ein noreply comment-blogger.

Det er "først til mølla" som gjeld, så dei tre første som kommenterer
på dette innlegget blit mine PiF-venner.


:-)